Han Høggørm- Kåre æ kjent i dal'n som eit utprega festmeneskji og kjenne alle festlokal i dal'n som si eiga bukselomme.
Han ha vørte kasta ut tå Pers hotell utallelige gøngu upp gjennom åre og
vørte gøtt kjent med alle blomsterbed uttom inngangen der han ha endt upp på huvu gøng på gøng.
Men han har eit gøtt forhold te Pers hotell- han ha jo liksom vøkse upp der og æ på hels med alle ansatte- inkludert dørvaktin.
Han si han kjenne alle dei sprekaste damun i dal'n- men dei kjenne vel egentlig ikkji han.
Dei ha både hørt og sett'n- men kjenne'n- det gjer dei ikkji.
Dei sparken heller unda- då han prøva å "sjekke" dei får gølvet og upp.
Han ha i alle år prøvd sjekke damu slik han ser på film-men det ha liksom ikkji fungert. Han påstår at det beste æ; "kysse, kline hardt og fast- danse tett og elske kvast." Det æ slik det ska vara, men det æ noko med regien som ikkji heilt fungera før han Høggørm- Kåre.
Men no ska det bli andre boller…..
Han ha sett på festan han ha vøre på, og det æ ikkji få, at vokalisten ha hatt kjempe drag på damene. Detta ha ikkji gått han hus førbi.
Derfør ha han no skrapa sammen ein del tå den heller lurvute omgangs-kretsen- for å starte rockeband med seg sjøl som vokalist og frontfigur, so klart!
Det vil si- han ha pressa på og overtala gutan i Rakafisklaget- te å melde overgang te Hillman Hunters.
Med Bosmann dommen i minne- meina han at spørsmål om overgangs-summa ikkji kjem på tale.
Han vil ha utanlansk navn, Hillman Hunters, før han ser før seg ei internasjonal kariere. Høggørm ha'n ikkji fønne noko gøtt navn før enda…..
Og alder spela ikkji noko rolle- sjå på Rolling Stones før eksempel…eller Elvis.
Jagger syng på engelsk-Kåre syng på halling.
Kanskji han skulle satse i Hellas -der æ jo halling heilt gresk før dei……
Gutan i Rakafisklaget, som Høggørm-Kåre va veldig fan tå, let seg motvillig overtala te å bli Hillman Hunters. I beste mafiastil prøvde han å kjøpe dei ut med ei kasse øl- det gjekk dåle. Men det gikk i boks då han frista dei med ein ny kaffitrakter te øvingslokalet- den gamle va jo nesten grodd att og produserte ein heller beisk og mystisk kaffi. (Kaffitraktar'n hadde han fått frå dødsboet te ein gamal onkel- so den kostan ikkji fem øre.)
Hillman Hunters & Høggørm-Kåre spela drivande, rotekte, følkelig og svingande blues og rockabilly.
Tekstan bli framført på hallingdialekt og skildra mange sidu tå dagligliv i dalstroka innanfør. Sjøl om tekstan æ henta frå Hallingdal, vil følk flest frå både bygd og by kjenne seg att.
Alle låta æ laga tå Finn-Tore Lindahl og Knut Aalton.
Det æ eit knippe låta med lyft og skuv - blanda med rolige ballader.
Detta æ musikk te både å høyre på og danse te.
Han Høggørm- Kåre meina bestemt at ; det æ mykji god blues i hallingen.
Hallingdølen kan på den eine sida være melankolsk, stemningsfull og ettertenksom- og på den andre sida rå og kraftfull- reine dynamitten.
"E vakna tidleg ein mørgo og følte me heilt burtreist….."
Rakafisklaget starta opp i 1991 som ein akkustisk trio. Under vegs har besetningen vørte endra og Rakafisklaget framsto ette kort som eit fullblods rockeband. Gruppa har vøre mykji spela i NRK Buskerud.
Fleire tå gruppa sine låta ha tøppa Buskerudtoppen ei rekke gøngu.
Gruppa ha og deltatt i fjernsynssendinger som TV- aksjonen og NRK 2's Bølgeblikk. I 1996 blei låten "Krubbebitar" kåra te årets låt i NRK Buskerud.
Hillman Hunters & Høggørm- Kåre består av:
Finn-Tore Lindahl Kåre, akk.gitar- syng
Knut Aalton Råtass, el. gitar og mandolin- syng ikkji
Geir Hovden Sjåelig kar, tangenter, B-3- syng kor
Stein Løvgaard Sjeggut, ståbass- syng ikkji
Hans Petter Modalen Levende legende, trommer- syng ikkji
Provosert: Erkepatrioten Høggørm-Kåre er sterkt provosert av at Gol vil rokke ved varmerekorden til Nesbyen. Væpna til tennene har han sett seg til å vakte Garnåsbreksja for nærgåande golingar.
Han har aldri likt golingar, men no går det for vidt. Høggørm-Kåre mobiliserer og vil ta alle midlar i bruk for å forsvare klenodia og bygdeæra i Nes.
Kjell Slåtten Hallingdølen
Bakgrunnen er den famøse framstøyten frå Gol om å ta varmerekorden frå Nesbyen. Erkepatrioten og bygdeoriginalen Høggørm-Kåre er mildt sagt forbanna. Og han er væpna.
Vaktsjefen i Hallingdølen kan ikkje ha vore vidare klartenkt då han valde å sende ein goling for å møte Høggørm-Kåre. For å vere på den trygge sida, heiser eg eit kvitt lommetørkle på ein stav når eg nærmar meg møtestaden. For å signalisere fredeleg ærend.
Unntakstilstand
Møtet skjer, av alle stader, i det verdskjende meteorittkrateret på Garnås. Der har Høggørm-Kåre installert seg i campingstol, utstyrt med rupesekk, primus, kikkert - og den gamle Kragen sin.
I kikkerten har han for lengst sett meg når eg kjem. Det kvite lommetørkleet har fått han til å losne grepet om Kragen. Men han er bister:
- Me har vore utsett for eit j... bakhaldsåtak. Heile tida har me i Nes hatt fokus retta mot Gvarv, Notodden og andre varme stader. Og så kjem det eit hel... åtak rett over åsen frå nabobygda! Her må det mobiliserast, tordnar han.
Garnås neste
At han har lagt «fortet» sitt til Garnås, har si enkle forklaring i at han er overtydd om at det neste anslaget frå Gol kjem der. Golingane kjem nok snart for å ta heile Garnåsbreksja. Men då gjer dei opp rekning utan vert!
- Ha"kji golingan snart nøkk no, undrar han, dei reise me" alt me ha! Fyst va"re realskula som gikk fløyten, seinare den viaregåande skula og no sist likningskontoret, oppsummerer han. Men legg raskt til:
- Ja, ja, det siste va no i grunn greitt, for då bi det "kji slikt press på uss som driv heimeproduksjon!
Oppskrytt varme
Det er bygdeæra Høggørm-Kåre, alias Finn-Tore Lindahl, ser truga. Difor fell det langtfrå i god smak når Gol utfordrar varmerekorden. Men kva som er slik stas med varmen, skjønar han ikkje. Sola seg har han gjort ein gong, og då vart han så solbrent at når han blunka, sprakk han opp på ryggen.
Han har heller aldri vore freista til å reise til Syden. For der har han høyrt at dei lever av turistar, og kannibalar held han seg unna!
No er han sterkt i stuss om det er kannibalisme som grip om seg litt lenger oppe i dalen. Det er sikrast å ikkje krysse Svenkerudbrua.
Varmesjekk
Etter at varmetrusselen frå Gol kom, har han vore ute på ein liten rekognoseringsrunde i Nes med sin gamle Volvo 340 for å finne varme stader. Støyperiet på Defa var i særklasse, no vil han ha vêrstasjonen lagt dit.- Elles såg eg i avisa her om dagen at det skulle vera så varmt bak stasjonen på Bromma. Men ko fanken ska folk bak stasjonen på Bromma, undrar Høggørm-Kåre. Og set kikkerten for auga for å speide etter nye golingar.